BJØRNEDAL OG SMIHELLER

Turbeskrivelse:
Dette er ein fin tur i nærområdet til Tonstad.

Frå Bekkjedalen går turen på skogsvegar og sti gjennom Bjørnedal til Storemyr. Herifrå er det kort veg ned til bilvegen ved Tjomli. Bjørnedal er ein vid skogkledd dal med furuskog og granplantefelt. I dei lune dalsidene veks det mange sortar varmekjær lauvskog. Det er også ein av dei få plassane i Sirdal der det veks barlind.

Frå Storemyr kan ein fortsetje ned Trolldalen til Øyghedlar. Her går turen gjennom ein trongare dal i nær kontakt med naturen. Denne nederste delen går på sti, men bortsett frå ei brattare kleiv er det lett å gå ned her. Her er det også god parkeringsplass og turen kan like gjerne starta her. Denne delen av turen kan også gåes som ein del av «Selandsrunden» og då får ein bytta ut noe asfalt med skogstur.

Frå Øyghedlar går det bratt opp lia på skogsvegen som svingar seg mot toppen. Derifrå går det på ny sti forbi Smiheller og tilbake til Bjønndalen litt overfor der vi starta.

Kulturminner:
Smihedlar

Gradering: Middels

Sidekart